PROGRAMOVERSIKT

sidereventyr

Sidereventyret

søndag 9. oktober kl 15:00 - 17:00, Litteraturbåten Epos

Noko er i gjære! Norsk sider vinn gullmedaljar i internasjonale kåringar og blir servert på dei beste restauranter.

Sider frå Hardanger er i front i denne suksesshistoria. Camilla Aasen og Bernt Bucher Johansen er to av forfattarane av boka Sidereventyret. Dei presenterer forteljinga om den kommersielle, norske siderproduksjonen, og går tett på fruktbøndene, eldsjelene og gründerane, som alle spelar ei viktig rolle i å vidareutvikle gamle tradisjonar.