PROGRAMOVERSIKT

tekstlunsj

Tekstlunsj på Litteratursymposiet

torsdag 6. oktober kl 12:00 - 13:00, Litteraturbåten Epos

Det inviterast til tekstlunsj på Litteraturbåten Epos.

Under Litteratursymposiet i Odda lagar ein for første gang live Tekstlunsj, ombord på Litteraturbåten Epos. Det er invitert forfattar, biletkunstnar, lærar og gardbrukar Leander Djønne til å fortelje om si tverrfaglege, kunstnariske verksemd i Hardanger.

Alle interesserte er hjarteleg velkomne til å delta.
Enkel servering. 

Gratis arrangement.