PROGRAMOVERSIKT

statsraad

Turdrøs med noko attåt

onsdag 25. januar kl 18:00 - 19:00, Sentralbadet Litteraturhus

Odda/Ullensvang Turlag inviterar til turdrøs med noko attåt på Sentralbadet Litteraturhus.

Bli med på ei forrykande reise når Andre Marton Pedersen, informasjonsleiar i Bergen og Hordaland Turlag, fortel om seglinga si med Statsraad Lehmkuhl i 2022. Andre var med i 7 veker og segla frå Palau i Stillehavet til Japan og vidare til Manila. Undervegs møtte dei tyfonar, såg kvalar, bada på 4000 meters djup og gjorde mykje forsking på havet. Starsraad Lehmkuhl er no på den største jordomseglinga si nokosinne, One Ocean Expedition. Målet med ekspedisjonen er å gi merksemd og kunnskap om rolla i havet for ei berekraftig framtid i eit globalt perspektiv. Bli med på foredraget og ta del i spennande historier, videoar og få eit behind the scenes- innblikk i korleis det er å segla med Noregs eldste skuleskip, Statsraad Lehmkuhl.