PROGRAMOVERSIKT

ut%20av%20verden

Ut av verda

fredag 7. oktober kl 21:00 - 22:00, Sentralbadet Litteraturhus

Kan fantasien i seg sjølv vere ein veg ut av A4-livet?

Flu Hartberg og Knut Nærum har på kvart sitt vis brukt det fantastiske som verkemiddel i sine litterære prosjekt. I denne samtalen spør vi korleis den ville fantasien kan bryte opp i alt det kvardagslege og keisame. Heile verda kan bli noko anna, berre ein tenkjer og skriv annleis. Men blir det noko meir enn berre flukt? Ein samtale om sci-fi, fantasy, og bøkene som tek oss med til andre verder. Med Knut Nærum, Flu Hartberg og Robin Van de Walle.

Inngang: kr. 150
Student: kr. 75
Billettar kan kjøpast på TicketCo.