Jondal kommune

Folketal pr 30. mars 2017: 1106 • Areal: 210km2 • Bygdesenter: Jondal • Store naturattraksjonar:
Folgefonna, Hereiane og Tveddalsstølen.

Jondal kommune med sine kring 1106 innbyggjarar, utgjer grendene Herand,
Svåsand, Sollesnes, Krossdalen, Torsnes, og Kysnesstrand. Det er gjort historiske
funn i Jondal kommune som fortel om busetnad langt tilbake i tid. M.a. er helleristningane
frå Herand datert tilbake til bronsealderen mellom 1800 og 500 f.Kr.
og ei kvinnegrav ved Byrkjelandsvatnet tilbake til år 700. Dei eldste funna er gjort
i Sævarehelleren i Herand, som viser funn på busetnad og gjenstandar 9000 år
tilbake i tid. Les og om Helleristninger i Herand på Wikipedia


I mellomalderen var ein stor del av busetnaden i Krossdalen. Så kom svartedauden
og gardane vart liggjande øyde. Krossdalen fekk mest truleg namnet
i den katolske tida, då pilegrimar gjekk vegen frå Øvre Krossdalen til Reisæter,
Ullensvang, og vidare til Røldalskyrkja, som var det viktigaste pilegrimsmålet i
Noreg etter Nidarosdomen. Kvart år inviterar Jondal Sokneråd og Øvre Krossdalen
Grendalag til Pilegrimstur langs pilegrimsvegen.


Hus og bygningar på Jondalsøyri skriv seg frå bygdesjøfartens høgkonjunktur
og gjer Jondal til ein av dei mest verneverdige tettstadene i Hordaland. Nordlandsfarten
er den viktigaste grunnen til alle sveitserhusa som vart bygde i dei
første tiåra etter 1900. På 1890 talet sto Jondal fram som eit leiande fartøydistrikt,
og ein reknar med at godt over 100 sjøfolk var sysselsette i sjøfarten kring 1900.
Jondølingane reiste til Lofoten og Finnmark og kjøpte torsk og skrei, som dei
flekte, salta og tørka, og selde vidare som ferdig klippfisk til kjøpmenn i Bergen,
Kristiansund og Ålesund. Under den første verdskrigen gjekk stordomstida for
Jondølane mot slutten, etter å ha vore ei av dei fremste sjøfartsbygdene på
Vestlandet i fleire år. Den siste segljekta som høyrde heime i Jondalsbygda var
”Stine Kristine”. Ho vart seld i 1935.


Ferdafarten var eldre enn Nordlandsfarten, og stod på si høgd på midten av
1800 talet. Jordbruksvarer og handverksprodukt vart frakta med jekter og
skøyter til større byar lengre sør langs kysten. Grunnen til at ferdahandelen fekk
så godt feste og stort omfang i Jondalsbygdene, var eksporten av skiferheller
og plattingstein frå hellebrota på Sollesnes, og salet av trebåtar, både færingar
og mindre hekkbåtar, som vart bygde i hopetal på Kysnes, Torsnes, i Jondal på
Svåsand og i Herand.

I dag har Jondal kommune eit godt utbygd næringsliv med arbeidsplassar innan
jordbruk, industri og tenesteyting. Sysselsettinga er størst innanfor offentleg
sektor. Jondalstunnelen sto ferdig i 2013 og er ein ny kommunikasjonsakse
gjennom den mest folkerike delen av Hardanger. Tunnelen bind Folgefonnhalvøya
saman på ein heilt ny måte og gjer gode høve for vekst både for
lokalt og regionalt næringsliv.

Velkomen til Jondal!

JONDAL

Jondal, aktivitet
Fra Jondal sentrum kan du padle ut til f.eks Jonaneset.
Velkomen til Jondal!

Litt informasjon fra Wikipedia:
Jondal er en kommune langs Hardangerfjorden i Hordaland. Den grenser i øst mot Ullensvang og i sør mot Kvinnherad. Over fjorden ligger Kvam kommune.
Kommunevåpenet for Jondal viser tre skråstilte båtshaker, i gull på rød bunn. Båtshakene skal vise frem og samtidig vise hvor viktig båten var for arbeid og transport i Jondal.  De fleste innbyggerene bor i Kysnesstrand, Torsnes, Solesnes, Svåsand, Jondal og Herand. Innover mot Folgefonna ligger bygdene Nedre og Øvre Krossdalen. Fra 1. januar 2013 ble grendene Gausvik, Årvik, Årsand og Hesvik med 41 personer etter søknad overført fra Kvinnherad kommune.
Der er ferjeforbindelse til Tørvikbygd på nordsida av Hardangerfjorden. Riksveg 550 går til Odda via Utne (ferje til Kvanndal og Kinsarvik. Strekningen til Odda er 81 km via Utne og beregnet kjøretid er 1 time og 24 minutter. Alternativt kan man kjøre fra Jondal til Odda gjennom Jondals- og Folgefonntunnelen, en strekning på 39 km og kjøretid på 40 minutter.

Severdigheter:
Jondal i seg selv er en severdighet. Fantastisk natur med høye fjell og fjord; muligheter for turer i vakker natur, bading og fiske. Isbreen gjør det mulig å gå på ski hele sommerhalvåret.

Helleristningene i Herand består av rundt 150 jordbruksristninger på Bakko ved tettstedet Herand i Jondal kommune, Hordaland Helleristningsfeltet er antatt å være rundt 3 000 år gammelt og fra yngre bronsealder (1100 – 500 år fkr). Motivene spenner over skip, mennesker, offergroper, ringer, og fruktbarhetssymbol. Feltet er spesielt på grunn av de mange erotiske motivene.

Feltet ligger like ved riksvei 550 til Utne, 500 meter øst for kaia i Herand på det som er kalt Kalhagen. På en bergknaus som kalles Mariskarvet er det 85 figurer som fremstiller blant annet båter, mennesker, fotspor, vann, ringer og groper. Tolking av symbolikken til motivene går på livssyklus, religion, grøderikdom, sol og ritualer. Flere undersøkelser har vært gjort på stedet og i perioden fra 1972 til i dag er det utført konserveringsarbeid, og flere nye ristninger er funnet. Ristningene er hogd inn i bergflaten ved hjelp av metallredskap eller hard stein. Opprinnelig har de ikke vært malt, men i dag er er dette gjort av fagfolk for å gjøre motivene tydeligere for besøkende.

Folgefonna er Norges tredje største isbre og ligger på Folgefonnhalvøya i Hardanger og dekker områder i Jondal, Ullensvang, Odda, Etne og Kvinnherad kommuner. Folgefonna er en av de sørligste i Norge.

Andre severdigheter:

Gjestehavna i Herand
Folgefonna sommerskisenter på breen
Juklavassbreen, flott brefall i Folgefonna Nasjonalpark
Hereiane mellom Svåsand og Herand
Hardanger Kulturgalleri i Mælen i Herand
Tveddalstølen, på veg mot Krossdalen, turterreng
Poestien i Krossdalen.
Vassel i Herand, Hardangers største eldhus og landets minste bryggeri.
Jondal kirke, bygd i 1888 og er den største i Hardanger
Jondal Skulemuseum, Årsand
Naustrekkja i Svåsand (båtbyggernaust)
Hellebrotet i Kvernurdi, Solesnes (dagbrudd av skifer, 1600)
Elvekvern, Herand
Tveiten oppgangssag, Herand
Kjølhalingskjeret, Jondal
Sveitserhusa, særegent sveitserhusmiljø fra 1800- og 1700 tallet i Jondal
Akjerhaugen, friområde i Jondal
Viketunet, to minutter fra fergekaia i Jondal er et gardstun fra 1600-1700-tallet
Utgraninger av Sævarhelleren, Hallgrimshelleren og Vasselhelleren
Fergekai, klassisk «asfalt-ørken» fra 1970-tallet, i sterk kontrast til idyllisk bosetning med naust og brygger som nærmeste naboer (f.eks på Holmen og nordover mot Vik).

Herand Landskapspark I 2007 starta Fylkesmannen i Hordaland, landbruksavdelinga,
eit prosjekt dei kalla Landskapsparkar i Hordaland. Herand var eit
av 7 område som kom med i prosjektet. Landskapsparkar er unike natur- og
kulturlandskap, avgrensa av felles kultur og identitetskjensle. Lokalsamfunn og
næring vert utvikla i fellesskap slik at områda vert attraktive som ein stad å bu
og som besøksmål. Landskapsparkane skal vere viktige for bevaring og utvikling
av norsk bygdeliv, og ein av grunnsteinane i Noreg si marknadsføring som natur
og kulturreisemål internasjonalt. Landskapsparken i Herand har lagt stor vekt på
å ta vare på kulturlandskap og kulturminna i bygda og gjere desse tilgjengelege
for publikum. ”Herand –den kulturhistoriske bygda” har vore arbeidstittelen vår.
Velkomen til Herand! Tel. 91 62 26 91 • www.landskapspark.no

Jondal kyrkje (Hardangerkatedralen) 
Jondal kyrkje vart bygd i 1888. Dette er den tredje kyrkja bygd på same staden. Den fyrste kyrkja var ei stavkyrkje utan tårn og vart riven i 1724-25. Inventaret i stavkyrkja vart flytta over til den nye kyrkja. Den andre kyrkja var ei laftekyrkje frå 1726. Ei lov i 1851 kravde at kyrkjene skulle ha plass til 3/10 av folkemengda. Då vart den gamle og trekkfulle laftekyrkja for liten. Noverande kyrkje stod ferdig 18.juli 1888. Garderobeanlegg og kapell vart bygd i tilknytning til våpenhuset i 1977/78. Kyrkjeskipet er 22,5 m langt og 14 m breitt. Ei større vøle vart gjort til 75-årsjubileet i 1963, mellom anna målearbeid og nye benkar. Altertavla er laga av målaren Nils Bergslien etter Rubens kjende målarstykke "Kristus vert teken ned av krossen". Utskjeringane er utførde av kunstnaren Ingebrigt Vik. Altarduken, det raude altarteppet og fire preikestolsklede i dei liturgiske fargane broderte og vov kvinner i Jondal til 100-årsjubileet i 1988. 
Glasmåleria er laga av kunstmålaren Bernhard Greve i 1957. Det venstre glasmåleriet skildrar Jesu død på krossen, medan det høgre biletet viser Jesu oppstode. På veggen til venstre for altarringen kan ein sjå foten under den gamle altertavla frå laftekyrkja. Over altarringen heng ein engel med døypefat. Dåpsengelen vart gjeven til laftekyrkja av handelsmannen Sjur Herandsholmen i 1873. Han gav òg ljosekruner til kyrkja. Dåpsfatet er ei gåve frå folk i Tørvikbygd til 50 årsjubileet i 1938. Framfor koret står preikestolen frå den gamle laftakyrkja, den vert idag nytta som lesepult.. Himlinga over den "nye" preikestolen er òg ein del av den gamle frå laftekyrkja. 
Midt på venstre langvegg heng den gamle altertavla frå laftekyrkja. Ho har to måleri; Jesus innset nattverden og Jesu himmelferd. 
Orgelet er det tredje sidan 1988, det har 26 stemmer og kom på plass i 1987. Orgelbyggjar var Bruno Christensen & Sønner frå Danmark. 
Kyrkjeklokkene vart skifta ut i 1998. Då hadde to gamle klokker kalla til kyrkje i alle dei tre kyrkjene i bygda. Desse to klokkene var truleg frå 1200-talet. Sjå info om opningstider osv. under Attraksjoner

Jondal Nasjonalparklandsby. I 2005 vart Folgefonna Nasjonalpark oppretta. I
2008 fekk Jondal sentrum status som Nasjonalparklandsby, saman med berre
4 andre stader i Norge. Dette er eit pilotprosjekt frå Miljøverndepartementet og
Direktoratet for Naturforvaltning som er meint å styrke verdiskapinga i lokalsamfunn,
med utgangspunkt i nasjonalparken sin verdi som kvalitetsstempel på
villmarksnatur. Ein Nasjonalparklandsby skal framstå som kulturberar med bevisstheit
rundt eigne tradisjonar, og skal kunne tilby produkt og opplevingar med
lokalt tilsnitt. Det er mellom anna lagt vekt på at landsbyen skal vise ei bevisst
haldning til nærleiken til nasjonalparken og profilering av denne.


Folgefonnlandsbyen Jondal. I 2008 vart Jondal kommune tatt opp i Kommunal-
og regionaldepartementet si småsamfunnssatsing med prosjektet Folgefonnlandsbyen
Jondal. Mange innbyggarar har organisert seg i team som arbeidar
med ulike tema og arbeidsoppgåver. Til dømes vil Ungdomsteamet vårt
arrangera Hardanger sin fyrste ungdomsfestival; Folgefonna Ungdomsfestival
27.-28 juni 2009 (www.fonnafest.no), reiselivsteamet står bak denne brosjyra og
teamet fritidsaktivitetar har bygd tursti og gangbru over Jondalselva, samt laga
vårt nye turkart og sentrumsfaldar som du finn i butikkar og turistinformasjonen.
Sjølv om aktivitetane er mange er målet likevel felles; saman skal me utvikle
Folgefonnlandsbyen Jondal til å bli ein stad prega av endå høgare trivsel, bulyst
og skaparlyst! Les meir på www.folgefonnlandsbyen.no.

Velkomen til Jondal!