PROGRAMOVERSIKT

-Hald fana høgt!-

"Hald fana høgt!"

tirsdag 8. september kl 18:00 - 19:00, Sentralbadet Litteraturhus

Alle som kjenner til «Slaget i Skrevet» veit kor stor symbolverdi ei fane kan ha!

Velkommen til gratis foredrag om biletspråket i arbeidarrørsla sine faner ved Susanne Grina Lange.

Fanene var tett knytta opp mot foreiningsstoltheit og behovet for eit samlande identitetssymbol. Fanene var foreninga sitt ansikt utad, men signaliserte også ei bodskap til dei som gjekk under dei.

Det var ei kostbar affære å gå til anskaffing av ei fane, gjerne det største enkeltutlegget ei foreining hadde.

Fanene har framleis stor verdi, ikkje berre som politiske symbol, men også som kunstgjenstandar og kulturminne. Symbolbruken i fanekunsten er ein av bærebjelkane for å forstå bodskapen i ei fane.

Foredraget undersøkjer arbeidarfanene sin tradisjon og symbolikken i fanene sine motiv i lys av den klassiske biletkunstens ikonografi.

I Odda og Tyssedal har vi ei fanehistorie utanom det vanlege. I det berømte «Slaget i Skrevet» 1. mai 1931 var det nettopp ei fane som var stridens kjerne. Den gong var det to demonstrasjonstog på 1. mai i Odda, eitt for kommunistane og eitt for sosialdemokratane. Dei hadde ein langvarig konflikt gåande i fagforeiningane.

Då dei barka saman i «Skrevet» denne dagen, var det utløyst av striden om ei fane. Kommunistane påstod at Arbeidarpartiet hadde stole fana frå avd. 44. Dei gav beskjed om at dersom ho blei boren i det andre demonstrasjonstoget, ville ho bli teken frå dei med makt. Tyssedalskommunistane kom difor til Odda under plakaten: «Ned med fanetyven!». Då aktivistane frå Tyssedal såg tyssedølen som bar fana, rauk dei på han, og i neste augneblink var heile gata ei einaste røre. Kommunistane drog i den eine enden av fana, og dei andre vil ikkje sleppa. Til slutt stakk kommunistane av med den istykkerrevne fana, som så viste seg å ikkje vera den dei var ute etter. 22 mann blei stilte for lagmannsretten, og dømde til fengsel eller bøter.

Dette illustrerer godt fana si symbolske tyding på ein konkret og ganske ekstrem måte: Fana var ikkje berre pynt eller eit kjennemerke. Fana representerte kven som hadde rett til å representere arbeidarane og fagrørsla. At folk bokstaveleg tala slåst om henne, seier noko om kva identitet og autoritet som var knyta til fana.