fredag 18. april kl 15:00 - 16:16, Røldalsterrassen
Podkastten "3 menn og en bobil" kjem til Røldalsterrassen.
På veldig kort tid har podkasten "3 menn og en bobil" med komikar, ikkje skodespelar, Hans Morten Hansen, Livsnyter, cowboy og altmoglegmann Arvid Mæland, og komikar & fylkesbyråkrat Harald Eide Ellingsen oppnådd ein slags kultstatus, og lyttartala for podkasten stig for kvar veke og ikkje nok med det så er det den mest avpilte podkasten på Spotify fleire gonger, nummer 1!
Podkasten inneheld ein svært stor dose humor, ord og utrykk du ikkje trudde du trong å vita, her er det mykje livserfaring og opplevd liv.
Dette er podkasten med 3 vaksne menn som burde visst betre!
Kva skjer når Noregs Stand-up konge, Kongsdalfyrsten og fylkesbyråkraten Harald Eide Ellingsen møtest? Jo, Harald må prøva å temja dei og halda dei i øyra og prøva å følgja samtalane på ein strukturert og effektiv måte....jaja, lykke til med det!
No tek denne gjengen med seg galskapen ut på tur og dette har DU høvet til å oppleva.