fredag 7. februar kl 20:00 - 23:00, Sentralbadet Litteraturhus
En historisk standupforestilling av og med André Jerman
André Jermans soloshow «Alt om bestemor mi» er ein morosam, varm og viktig humorframsyning som krinsar rundt mormora hans, som vart skikkeleg gammal. Solveig Levin vart fødd i 1914. Ho døydde alt for tidleg, berre 108 år gammal. Gjennom Andrés auge blir det historier om eit menneske som opplevde og overlevde to verdskrigar, spanskesjuka, finanskriser, familieliv, gamleheim, gravferder og fire sesongar av Maskorama.
Vegen frå skule i gamledagar, der ein lærte å skrella druer med kniv og gaffel, til å prøva å følgja ein samtale med oldebarn om ChatGPT, gjer livet til bestemora unikt. Med Andrés skeive blikk på røyndommen får du bli med inn i ei utruleg historie om denne jødiske familien frå Oslo.
Inngang: kr. 350
Billettar kan kjøpast på
TicketCo.