lørdag 13. desember kl 11:00 - 11:30, Odda Bibliotek
Askeladden er klar for å feira jul...
Askeladden er klar for å feira jul, eller med andre ord, klar til å gjera klart til jul. Og med ein fjasete fjøsnisse og ein lur rev luskande rundt så tek det si tid, men får han opp juletreet før julenissen kjem på besøk?
Askeladden har mykje han skal ordna før jul, vaska golvet, bera ved, finna juletrefoten – men han blir stadig avbroten. I tillegg er Mikkel Rev ute etter julematen til Askeladden, men endar opp med skjegget i postkassa. Oppi det heile gløymer han å setja ut julegrauten til fjøsnissen.
Men heldigvis blir fjøsnissen fort blid igjen når han får seg ein skje med graut og nokre strofer med «På låven sit nissen». Og kva med julenissen? – kjem han til Askeladden i år? Ei morosam og varm framsyning med song og musikk for både store og små.
Passer for barn frå 3 år.
Inngang:
Vaksen: kr. 100
Barn: kr. 50
Billettar kan kjøpast på
eBillett.