PROGRAMOVERSIKT

Benedicte Maurseth - «Mirra» - Hardanger Musikkfest 2026

Benedicte Maurseth - «Mirra» - Hardanger Musikkfest 2026

torsdag 27. august kl 20:30 - 21:30, Krossvoll Samfunnshus

Benedicte Maurseth tek oss frå slåttetradisjon til nye klanglandskap. Mirra, der villreinen på Hardangervidda står i sentrum...

Benedicte Maurseth tek oss frå slåttetradisjon til nye klanglandskap. Mirra, der villreinen på Hardangervidda står i sentrum, er ei kritikarbejubla vidareføring av Hárr, verket ho skreiv på bestilling frå Hardanger Musikkfest i 2019 - seinare kåra til eitt av dei ti beste folkemusikkalbuma i verda av The Guardian og vinnar av Nordic Music Prize. No kjem Mirra heim til Hardanger i ei intim konsertoppleving på Krossvoll, der fele, perkusjon, piano og kontrabass møtest i eit levande og poetisk klangunivers. Mirra vart nominert til to Spelemannsprisar i 2025.

Inngang: kr. 395
Billettar kan kjøpast på TicketCo.