PROGRAMOVERSIKT

Bjørn Våde: -Fra galgebakke og skafott-

Bjørn Våde: "Fra galgebakke og skafott"

søndag 10. november kl 16:00 - 18:00, Hesthamar skrivargard

Vurdering av kriminalitet og straff i gamal tid, basert på lokale saker.

Bjørn Våde arbeider ved personalkontoret til Boliden i Odda. I tillegg driv han
med lama, på småbruket Brekke i Skare.
Våde har i mange år interessert seg for norsk folketradisjon og historie. Han
har tidlegare publisert bøker om alt frå norske spøkelse og skrømt til nyttige
planter og folkelege visdomsord.
I 2022 gav han ut boka «Fra galgebakke og skafott». I boka tek han for seg
utviklinga innan kriminalitet og straff i Noreg - vist gjennom straffesaker frå
mellomalderen og heilt fram til moderne tid.
I år kjem Bjørn Våde ut med boka «Forbryterne som falt for Samson Isberg si
øks». Her vert me kjende med skarprettar Samson Isberg, som voks opp i
Hardanger. Samstundes fortel Våde historiene til dei 15 personane som Isberg
tok livet av.

Inngang: kr. 200 + avg.
Billettar kan kjøpast på tikkio.com eller i døra. 


Dørene åpnar kl. 16.00, arrangementet startar kl. 17.00.