PROGRAMOVERSIKT

Bli med å krota med kritt

Bli med å krota med kritt

tirsdag 1. juli - tirsdag 22. juli , Hardanger Folkemuseum

Prøv kroting.

Kroting er ein tradisjonell dekorasjonsmåling nytta på veggen i gamle røykstover. Med knust kritt og vatn lagar ein fine, geometriske mønstre.

Fleire tysdagar i juli er vår bygningsvernkonsulent Anne Lise Brask Eriksen oppe i museumstunet og arbeidar med kroting. Mønsteret ho lagar på veggane i Tveismestova er rekonstruerte frå fleire tradisjonelle krotemotiv henta frå røykstover i Hardanger. Bli med, sjå, lær – og få prøva sjølv!

Tidspunkt: tysdagar kl 10.00 – 14.00. Datoar: 1. – 22. juli 2025.

Desse dagane vil museet sine handverkarar også vera i tunet og halda på med ulikt restaureringsarbeid.