

Boka skal lanserast i Kinsarvik, Odda, Utne og Eidfjord. No har du høve til å høyra korleis dei har arbeidd med boka og tilfanget av namna. Johannes Sekse har stått for foto i boka, og vil ha ei biletframsyning.
Me har òg fått tak i Gunnstein Akselberg (professor emeritus og for mange kjent frå NRK Distriktssendinga og Eides språksjåv), som vil halda eit kåseri om stadnamn!
Det vert høve til å kjøpa boka på arrangementet.
Arr. er i samarbeid med Hardanger folkeminnelag.
Inngang: Gratis