lørdag 15. november kl 13:00 - 14:00, Odda Ungdomshall
Velkommen til bokpresentasjon i Ungdomshallen laurdag 15. november.
Ein av forfattarane, Reidar Borgstørm, presenterer den nye boka om stølane i Odda – ei rik kjelde til lokalhistorie, turinspirasjon og levande forteljingar frå stølslivet i fjella våre.
Boka er full av bilete og historiar frå over 70 stølar – frå dei mest kjende til dei nesten gløymde. Her får du vita meir om landskapet du ferdast i, og kanskje oppdaga nye turmål rett utanfor stovedøra.
Boka kan kjøpast på staden. Begge forfattarane vil vera tilstades for signering.
Ta med deg vener, hyttenaboen eller turvenen – og bli betre kjent med historia i fjella rundt deg.