lørdag 15. februar kl 21:00 - 23:59, Iris Scene
Bon Scotch til Iris Scene.
Tributebandet BON/SCOTCH er ei hyllest til AC/DC og Bon Scott, og består av eit solid knippe innbarka rockefantastar som meiner at folk fortener å sjå sceneshowet og høyra soundet til AC/DC's første lineup. Det er derfor lagt ned mykje arbeid i å skapa det trykket og karisma som skal til for at konsertopplevinga skal kunna måla seg med showet til moderbandet under siste halvdel av 70-talet. Så til alle som forbanner seg over at de aldri fekk oppleva det verkelege AC/DC – her er sjansen dykkar til å kunna nyta dette.
Dørene åpnar kl. 21.00 - konsertstart kl. 22.00.
Inngang: kr. 250 / kr. 300 (Medl. BLU / Ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på
TicketCo.