PROGRAMOVERSIKT

Briotrio på Herand Jazz Club

Briotrio på Herand Jazz Club

lørdag 29. august kl 20:00 - 22:00, Meieret Restaurant

Velkomen til ein folkeleg, moderne jazz med Briotrio.

Briotrio spelar folkeleg, moderne jazz i skjæringspunktet mellom amerikansk swing, nordiske jazztradisjonar og afrikansk inspirasjon. Musikken har eit akustisk sound, eit lyttande samspel og svingande groove. Trioen har som motto å leike med kvarandre sine låtar, og i leiken kjem kvar enkelt si musikalske stemme til uttrykk.

Musikken kombinerer eit uttrykk prega av kreativitet med eit ynskje om å vere folkenært og lettfatteleg. Med fengande melodiar, leikne soloar og eit telepatisk samspel skapar dei ei nær konsertoppleving for kvar enkelt i publikum.

Medvirkande:
Ingrid Øygard Steinkopf – piano
Thomas Aurlund Lossius – kontrabass
Arne Skorpe Sjøen – Trommer, Vokal

For reservasjon av billettar, send melding til Meieriet Restaurant på messenger.