tirsdag 10. mars kl 18:00 - 19:00, Hesthamar skrivargard
Foredrag med Jørn Øyrehagen Sunde.
v/Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved
Institutt for offentleg rett, Universitetet i Oslo kjem og held føredrag om den klassedelte rettstaten.
Det er svært dyrt å ta ei sak inn for domstolane. Dermed er ikkje rettsstaten lenger for alle, men mest for dei med ressursar. Då rår den sterkaste sin rett. Eit demokrati vert ustabilt når lov gjev innbyggjarane rettar som dei likevel ikkje kan få handheva i domstolane. Tek vi ikkje tak i dette
problemet, kan tilsvarande illiberale krefter som vi ser i Ungarn og USA få fotfeste i Norge. Å gjera lov og rett tilgjengeleg for alle er viktig for å sikra demokratiet.
Dørene åpner kl. 17.00.
Inngang: kr. 218
Billettar kan kjøpast på
Tikkio.