PROGRAMOVERSIKT

Den store klesbytedagen på Odda og Kinsarvik bibliotek

Den store klesbytedagen på Odda og Kinsarvik bibliotek

lørdag 19. april kl 10:00 - 15:00, Odda Bibliotek & Kinsarvik bibliotek

I samarbeid med Naturvernforbundet, skipar me til klesbytedag for følgjande damekle: Vinterjakker, kåper, skjorter, bluser, skjørt og kjolar.

Me slår til med ein ny klesbytedag! Bruk og kast-mentaliteten vil me vera med på å redusera. Ombruk er omtanke! Den nasjonale klesbytedagen i regi av Naturvernforbundet krasjar dessverre med anna arrangement og bruk av lokala våre, så me framskundar dagen til 5. april.

Av praktiske årsaker vil me snevra inn tilbodet på byta klede. Den store klesbytedagen april 2025 i Ullensvang vert med klede for barn/unge 0-15 år, og sommarkjoler for vaksne.

Bytereglar:

Finn fram klede

  1 Du finn fram maks 5 reine og pene klesplagg, og leverer dei til biblioteket torsdag kl 14-15 eller fredag 12-16. Me tek ikkje imot undertøy, sokkar eller sko

Byt klede i lappar

2 For kvart plagg du leverer inn, får du utdelt ein bytelapp og kan plukka deg ut eit anna plagg

Lapp gir nye klede

3 På veg ut, bytar du inn bytelappane mot plagga du har valt deg ut, og kan gå nøgd heim med eit nytt tilskot til garderoben, utan å fylla den opp med noko ekstra

Klede til overs gir me bort

  4 Du får ikkje att kleda du leverte inn. Vert dei til overs, går dei til Fretex eller liknande

Velkomen til ei fin bytestund!

Åpningstider:
  • ​Odda bibliotek: kl. 10.00 - 15.00
  • Kinsarvik bibliotek: kl. 12.00 - 15.00