PROGRAMOVERSIKT

Den usannsynlige seriemorderen - Simen Sætre om Arnfinn Nesset

Den usannsynlige seriemorderen - Simen Sætre om Arnfinn Nesset

fredag 16. januar kl 19:00 - 20:00, Sentralbadet litteraturhus

Simen Sætre kjem til Odda med den kritikerroste boka "Den usannsynlige seriemorderen" om Arnfinn Nesset.

I bygda Orkdal seint på 1970-talet oppstår det rykte blant dei kvinnelege sjukepleiarane om at styraren på sjukeheimen blir sett med sprøyte i nærleiken av dei eldre når dei døyr. Ei fortruleg gruppe sjukepleiarar snakkar saman. Tanken er i byrjinga for utruleg, men nye hendingar gir den næringa, og dei byrjar å halde auge med styrar Arnfinn Nesset i løyndom. Dei leitar etter bevis, og er samtidig livredde for han. Viss mistanken er sann, er sjefen deira ein farleg drapsmann. Når radiomeldinga om at den fortrudde styraren, aktiv i musikklivet og den lokale kyrkjelyden, er arrestert, trur mange først at det må vere ein feil.

Inngang: kr. 150
Billettar kan kjøpast på TicketCo.