mandag 18. august kl 18:00 - 19:00, Hardanger Folkemuseum
Mona Høvring får Diktartavla 2025.
Diktardagen er eit årleg arrangement der ein heidrar ein norsk forfattar ved å leggja ned ei diktartavle for vedkomande på Diktarstien ved Hardanger folkemuseum. Den første diktartavla kom i 1992, og dagen blei etablert offisielt på 85-årsdagen til Olav H. Hauge i 1993. Hauge var sjølv med og tok initiativet til Diktarstien.
Vinnar av Diktartavla 2025 er poet Mona Høvring. Prisutdelinga finn stad på diktarstien på Utne måndag 18. august kl 18.00. Det er Haugesenteret i Ulvik og Hardanger folkemuseum på Utne som deler ut prisen. Lyrikar Per Olav Kaldestad fekk Diktartavla 2024. Kaldestad var diverre hindra i å ta imot prisen i fjor, så denne dagen feirar me to prisvinnarar. Dette blir rett og slett ein poetisk festkveld, og det på Olav H. Hauge sin fødedag. Etter nedlegging av diktartavlene i tunet vert det program inne i museet. Mona Høvring og Per Olav Kaldestad vil lesa for oss og samtala med konservator i Haugesenteret Stein A. Hevrøy.