PROGRAMOVERSIKT

Føredrag: Magnus Lagabøte, Landslova og odelsretten

Føredrag: Magnus Lagabøte, Landslova og odelsretten

torsdag 24. oktober kl 18:30 - 20:30, Agatunet

Kva har landslova hatt å seie for utviklinga av odelsretten - frå mellomalderen og fram til i dag?

Magnus Lagabøte si landslov sette sterkt preg på norsk politisk historie og rettsutvikling i lang tid framover – på nokre område heilt fram til våre dagar. Eitt av desse områda er odelslovgjevinga.

Under kongane Håkon Håkonsson (1217-1263) og sonen Magnus Lagabøte (1263-1280) vart det arbeidd med svært omfattande lovreformar som markerte store endringar i styringsverk, menneskesyn og rettsliv i Noreg, mykje under innverknad frå kristen humanisme og europeisk lærd rett. Magnus Lagabøte si landslov frå 1274 er sjølve krona på dette verket. Ho danna også grunnlaget for ei landsomfattande bylov som vart utstedt to år seinare.

Føredragshaldaren Per G. Norseng er professor emeritus i historie ved Universitetet i Søraust-Noreg og har levert bidrag om odelsretten i eit par av forskingspublikasjonane som er utgjevne til Landslovjubileet i år. Han har også tidlegare publisert fleire artiklar om odelsretten.

Inngang: kr. 150
Begrensa plassar.
Billettar kan kjøpast på TicketCo.