PROGRAMOVERSIKT

Ferjefolket

Ferjefolket

onsdag 6. november kl 19:30 - 20:30, Hardanger Folkemuseum

Kom og høyr Halvor Folgerø fortelja frå boka Ferjefolket på Hardanger folkemuseum.

Vestlandet kan oppsummerast i tre f`ar: fjell, fjordar og ferjer. Ingen transportmiddel er meir elska og hata enn ferjene. Ein viktig del av den vestnorske folkesjela, anten vi likar dei eller ikkje. Sakte, men sikkert blir dei erstatta av bruer og tunnelar. I den nye boka si har Halvor Folgerø møtt ferjefolk, og samla historier om livet på og med ferjene. Om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk. Om storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø.

I foredraget på Hardanger folkemuseum onsdag 6. november får du høyre dei beste historiane, og sjå dei finaste bildene.

Halvor Folgerø er forfattar, musikar og journalist. Han har dei siste åra hatt stor suksess med bøkene sine om Vestlandsvegar.