torsdag 22. januar kl 18:00 - 20:00, Krossvoll Samfunnshus
Ullensvang kommune v/landbruksavdelinga inviterer til folkemøter om Utvalde kulturlandskap i Ullensvang.
Kva er Utvalde kulturlandskap?
Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei samling av dei mest verdifulle kulturlandskapa i
Noreg. Ullensvang vart innlemma i ordninga frå 2020 under tittelen “den nasjonale
frukthagen” Ullensvang i Hardanger.
Korleis utvikla og synleggjere “den nasjonale frukthagen” Ullensvang?
Korleis skal me framheva kvaliteter i landskapet, dei historiske linjene og verdiar i
fruktlandskapet? Kom med dine forslag til korleis me kan utvikla og gjera “den nasjonale
frukthagen” til ein stolt og synleg del av Ullensvang!
Kom med dine tankar og idear på folkemøtet - alle generasjonar er velkomne!
Enkel servering.