PROGRAMOVERSIKT

Foredrag med Claus Lundekvam

Foredrag med Claus Lundekvam

torsdag 7. november kl 18:00 - 19:00, Odda Kino

Odda FK`s Fair Play utvalg inviterer til GRATIS foredrag med Claus Lundekvam.

Bli med på eit inspirerande foredrag med tidlegare Southampton-kaptein og landslagsspelar Claus Lundekvam. Gjennom den lange karrieren sin som profesjonell fotballspelar opplevde Claus både suksess og utfordringar. Men etter fotballen kom hans tøffaste kamp – kampen for å finna tilbake til livet etter karrieren.
I dette foredraget deler Claus ope om erfaringane sine med depresjon, avhengnad, og vegen mot betre mental helse. Han tek oss med på reisa frå oppveksten med fotballdraumen, gjennom ein lysande karriere i Premier League, til livet etter siste fotballkamp. 
Claus er i dag ein ambassadør for Mental Helse Norge og sportsleg leiar i Psykiatrialliansen i Bergen, der han hjelper andre som slit med psykiske helseutfordringar. Han jobbar også med førebygging av rusproblematikk blant ungdom og er ei viktig stemme for openheit rundt mental helse.
Dette er eit foredrag som treffer både fotballinteresserte, ungdom, foreldre og alle som er opptekne av psykisk helse.

Inngang: Gratis.