

Kari Knutsdotter frå Odda drap fire av dei fem barna sine, pluss kona til elskaren sin. I 1771 vart ho halshogd på Utne. Ho vart sagt å vera det vondaste mennesket som hadde levd i Hardanger på over 100 år.
Domen lydde: “Kari Knutsdatter skal knipast med glødande tenger og avhoggast høgre hand før hovudet og begge deler setjast på stake. Kroppen skal parterast og leggjast på steile og hjul. Leivningar skal gravleggast på rettarstaden. Rettarstad: Tingvika på Utne.”
Kari laug, bedrog, dikta og manipulerte. Ho vart dømd som ein av Noregs mest omsynslause mordarar. Men kven var ho – eigentleg? Og kva var det som skapte eit menneske i stand til så grufulle handlingar?
I boka “Forsvarstale for eit vondt menneske” tek Jørn Øyrehagen Sunde oss med inn i eit mørkt kapittel av norsk retts- og kvinnehistorie. Med skarpt blikk og historisk innsikt teiknar han eit breitt bilete av makt og menneske, tru og overtru på 1600- og 1700-talet, og byrjinga på det moderne samfunnet. Samstundes skriv han fram eit forsvar for ein person som knapt fortener det – men som likevel tvingar oss til å stille spørsmålet: Kvar kjem det vonde frå?
Kari Knutsdotter er for lengst død og gløymd, men kanskje kan samfunnet ho levde i, og livet og vala hennar tene som ein spegel vi kan sjå oss sjølve i – og gjera oss merksame på kjeldene til vondskap i vår eiga.
Inngang: kr. 200
Billettar kan kjøpast på heimesida til Sentralbadet Litteraturhus.