PROGRAMOVERSIKT

Forsvarstale for eit vondt menneske - Ei kvinnehistorie frå 1700-talet

Forsvarstale for eit vondt menneske - Ei kvinnehistorie frå 1700-talet

fredag 25. september kl 18:00 - 19:00, Espe Grannahus

Velkomen til foredrag om Kari Knutsdotter frå Odda på Espe Grannahus.

 25. september 2026 kan vi lova deg ein heilt spesiell foredragskveld i Espe Grannahus med professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde. Sunde gav i 2025 ut boka Forsvarstale for eit vondt menneske - Ei norsk kvinnehistorie frå 1700-talet. Her stiller han spørsmålet: var Kari Knutsdotter frå Odda den vondaste i Hardanger på 1700-talet? Boka byggjer på juridiske dokument og domar om Kari Knutsdatter, men og på tusenvis av rettssaker frå Vestlandet frå 1600- og 1700-talet. Dessutan har Øyrehagen Sunde svært god kunnskap om samfunnet og kulturen i Hardanger og på Vestlandet. Boka og foredraget formidlar dagleglivet i desse hundreåra og lar oss koma nærare Kari Knutsdatter, livet og personlegdomen hennar og samfunnet ho levde i. Kari Knutsdatter kom frå Buer i Odda og levde deler av livet sitt på Espe. Fredag 16. august 1771 vart ho halshoggen og hovudet hennar vart sett på ein staur til skrekk og åtvaring i Tingvika på Utne. Ho vart dømt for å ha drepe fire av sine fem barn og kona til elskaren sin. I dommen er ho sagt å vera det vondaste mennesket i Hardanger på 100 år.