fredag 29. mai kl 17:00 - 20:00, Iris Scene
Fredag 29. mai inviterer Iris Scene og Ragdelia Bryggeri & Kondis til social run i Odda sentrum til inntekt for Barnekreftforeningen.
Ta på deg favorittdrakta di og bli med på ein sosial og lågterskel joggetur gjennom sentrum.
Turen blir ca. 3–4 km, med start og mål på Iris Scene. Tempoet blir tilpassa alle aldrar og nivå, og det blir folk frå Ragdelia B&K både framme og bak i gruppa.
Dette kan også vera eit fint tiltak for deg som har lyst til å komma i gang med løping, eller som treng nokon å trena saman med.
Det er gratis å delta, men me oppmodar alle som kan til å vipsa eit valfritt beløp til Barnekreftforeningen.
Etter løpet blir det gratis vaflar, konkurransar og aktivitetar utanfor Iris Scene. Også her er det mogleg å støtta Barnekreftforeningen med valfritt beløp.