

For mange år sidan var frøken Storm og frøken Vildensky to “kjendisar” på Lofthus. Frøken Storm var ein anerkjend pianist og heitte eigentleg Nanne Storm. Ho kom til Lofthus som turist alt i 1896 og budde her ein vinter, samtidig med Edvard og Nina Grieg. Her vart ho kjend med den unge Gudrun Utne som var dotter av styrarparet på Hotel Ullensvang. Gudrun vart Nanne si næraste veninne. Dei budde mange år i Oslo (Kristiania) og skapte kvar sine karrierar, men kom stadig tilbake til Hardanger. Gudrun gjekk under kallenamnet “frøken Vildensky” lokalt.
Dei som nokosinne trefte Nanne Storm (1873-1953) eller Gudrun Utne (1880-1968) har ikkje gløymt dei – dette var to spesielle personlegdommar.
Pianisten Nanne Storm var frå Kragerø og vart fast sommargjest på Lofthus. På sine eldre dagar slo ho seg ned for godt, og for mange barn langs Sørfjorden vart ho ein omsorgsfull og personleg engasjert pianolærar som spreidde musikkglede rundt seg. Ho la aldri musikken på hylla og bidrog til lokalt kulturliv gjennom undervisning, foredrag og konsertar, mellom anna på Krossvoll og Hordatun.
Gudrun Utne styrde Hotel Ullensvang saman med mor si fram til ca 1920 og fekk ein solid yrkeserfaring som ho tok med seg då ho fekk jobben med å byggja opp sjølvaste Stortingsrestauranten. Ho var ei utettervend og myndig kvinne med godt humør og meiningar om mangt, men også evne til å sjå kvar enkelt og ta vare på folk anten dei var stortingsrepresentantar eller ungdom frå Lofthustraktene som flytta til byen. Med veremåten og personlegdommen sin, fekk ho ei stor kontaktflate blant journalistar og politikarar frå heile landet, og ho vart godt synleg i media. Gudrun gjekk av som styrar for Stortingsrestauranten i 1947 og flytta til Lofthus der ho budde til 1968. Nanne og Gudrun ligg ved sida av kvarandre på kyrkjegarden.
Ingvil Bjørnæs har slektsband tilbake til Utne-familien på Lofthus og har skrive to artiklar i dei siste årbøkene til Hardanger Historielag. No kjem ho til Lofthus for å fortelja om dei spesielle damene.
Inngang: kr. 150
Billettar kjøpast i resepsjonen.