PROGRAMOVERSIKT

Frisbeeglede for alle

Frisbeeglede for alle

lørdag 28. mars kl 10:00 - 12:00, Jondal

Jondal Frivilligsentral og Bouncebackbirdie inviterer til gratis kurs i frisbeegolf innandørs i fleirbrukshallen i Jondal.

Kurset passar for alle aldrar og nivå – enten du aldri har kasta ein frisbee før, eller har litt erfaring frå før. Her får du ei enkel og praktisk innføring i grunnleggjande kasteteknikk, presisjon og spelglede.

Målet er å skapa ei inkluderande og sosial ramme der både born, ungdom og vaksne kan oppleva meistring og ha det kjekt saman.