PROGRAMOVERSIKT

FRODE GRYTTEN BEAT BAND - Absolutt juleambivalens

FRODE GRYTTEN BEAT BAND - Absolutt juleambivalens

lørdag 12. desember kl 18:00 - 20:00, Odda Kino

Frode Grytten kjem til Odda kino med sin Absolutte juleambivalens 12. desember.

Ring - A - Ding - Dong - Ding Her kjem eit lite klapp på skuldra til alle dei som ikkje trur på Disney eller Lagunen Storsenter eller Hanne Krogh. Her er litt søstersolidaritet med alle dei som ikkje trur på den feite julenissen eller sølvgutane eller etisk juleribbe eller jul i Skomakergata. Her er litt trøst til alle som lid av absolutt juleambivalens. Her er ei utstrekt hand til alle som bare har lyst til å høre dei aller finaste julesongane som nokon gong er skrive. Garantert fritt for Det hev ei rose sprunge og Gjev Meg Handa Di Ven. Frode Grytten Beat Band feirar vinteren, snømenn, desember og det nye året som snart skal komme.

Inngang: kr. 495
Billettar kan kjøpast på eBillett.