

Når faren blir dement, tek sonen han med seg til hytta til familien ytst i havgapet. Her skal dei møte alderdomen og døden med grenselaus vilje, og ikkje nekte seg noko. Sonen veit at det ikkje vil bli lett, men er sikker på at det vil vere verdt det. Det må finnast eit liv utanfor velferda til fellesskapen. Dessutan har han lova faren det, om han hugsar det eller ei.
Emanuelsen kjem til Sentralbadet litteraturhus for å snakke om verdigheit, styrke, velferdsstaten og gløymsla til dei gamle. I samtale med Ruth Lillegraven.
Inngang: kr. 200
Billettar kan kjøpast på Sentralbadet Litteraturhus si heimeside.