PROGRAMOVERSIKT

GOSPELKONSERT

GOSPELKONSERT

lørdag 26. september kl 18:00 - 19:00, Odda kyrkje

Velkommen til konsert fylt med fantastisk gospelmusikk i Odda Kyrkje 26. september.

Internasjonalt kor i Odda er ein varm og fargerik songfellesskap som samlar stemmer og kulturar frå ei rekkje land. Dei har ein spesiell forkjærleik for gospel, men syng elles alt som gir songglede og gode stunder. Kora delar stolt dirigent med Restart Mass Choir, og gler seg til å fylla salen med mektig klang og sprudlande energi saman!
Restart Mass Choir er eit av Sørlandets største gospelkor, med rundt 80 songarar frå Kristiansand og omland. Sidan oppstarten i 2006 har koret begeistra publikum med sitt kraftfulle gospel uttrykk, sterke formidling og smittande songglede. Koret har gitt ut gospel album og eit jula album, og har fleire gonger reist til heimlandet til gospelen, Chicago, der dei har henta inspirasjon og bygd verdifulle musikalske relasjonar.

I denne konserten får publikum høyra både nyare gospelperler og kjende kjære klassikarar som har rørt og inspirert menneske verda over.

Inngang: kr. 300
Billettar kjøpast ved inngangen.