PROGRAMOVERSIKT

Grannaveitla

Grannaveitla

lørdag 7. mars kl 19:30 - 23:59, Sekse

Grannatun inviterar til Grannaveitla 7. mars.

Det er ei stor glede å invitera inn til Grannaveitla på Sekse 2026.

Heile vegen frå Ulvik kjem bandet Strók. Dei vil freista å få samtlege i Seksekrinsen ut på golvet.

Strók spelar for det meste folkrock, men det kjem gjerne ein vals eller masurka om steminga i lokalet tilseier at det er ein god idè.

Bandet har ein del eigenkomponerte låtar, men spelar også mykje materiale folk vil kjenna att, som låtar av The Pogues, The Waterboys, Flogging Molly, Dropkick Murphy m.fl. Det vil òg bli spelt kjende låtar i ny drakt, gjendikta til norsk, som til dømes Ess i Spar (Ace of Spades -Mötorhead), Feil Setting (White Wedding - Billy Idol),

Oftast er det høg stemning, store smil og mykje «armar og bein» når Strók spelar.

Strók- Bandet som får kven som helst i godt slag og ut på golvet!

Dørene opnar kl 19.30. Arrangementslutt kl. 02.00.

Matservering: tapas nede i matsalen. Sal av drikkevarer i baren.

Inngang: kr. 400
Bindande påmelding til Guro Kvalnes via guro@kraftmuseet.no eller 99122834 innan 01.03.26