Me møtest ved Hauso skule kl 10, samkøyrer opp skogsvegen til Årekolstveite som ligg på ca 400 moh. Vi treng å parkere ein bil på staden der vi kjem ned.
Turen går på god sti via Hausastølen, forbi Grimsvatnet og til Grimsnuten. Store deler av turen er bratt, og vi bruker ca 3 timar opp. Grimsnuten ligg i fjellområdet mellom Sørfjorden og Hardangerfjorden, og byr på flott utsikt.
Frå Grimsnuten går vi i lett terreng til Hausanuten, som ligg 1120 moh. Denne byr på spektakulær utsikt til heile Sørfjorden. Det tek ca 2 timar å gå mellom nutane. Frå Hausanuten går vi til Vegaskilsvarden 900 moh og ned igjen til skogsvegen over Hauso.
Heile turen tek omlag 8 timar inkl pausar. Du må ha med rikeleg med mat og drikke til turen.
Pris:
Medlem: Gratis
Ikkje medlem: kr. 100