

Lørdag 21. november er det endeleg quiz på Iris Scene igjen! Denne gongen med den duoen Aleksander Svenning og Erlend Stueland.
Liker du rolege quizkveldar med stram regi og seriøse spørsmål, er dette ikkje quizen for deg. Her blir det hæla i taket og fest forkledd som quiz. Ein vinnar skal kårast, men vegen dit blir både bråkete og full av overraskingar!
Samle eit lag og meld dykk på, her pleier det å bli fort fullt!
Maks 6 personar per lag
Påmelding: irissceneodda@gmail.com
Dørene opnar kl. 20.30 med quizstart kl. 21.30.
Inngang: Gratis