I den mektige Kraftkatedralen i Tyssedal rundar me av festivalen med ein storslått konsert der tidlause tonar møter nyskapande musikk.
På scena står eit unikt ensemble av nokre av festivalens mest særprega musikarar: Harpreet Bansal, NyNorsk Messingkvintett, Song Circus og Erlend Viken, som saman skapar eit lydunivers fylt med kontrastar – frå det vare og vakre til det kraftfulle og ekspressive.
Kraftkatedralen, med si monumentale akustikk og industrielle historie, vert ein medspelar i opplevinga – eit rom der musikken får sveva, og der vi kan ta inn både stilla, styrken og dei skiftande stemningane.
Konserten spenner frå den inderlege barokkmusikken i Pergolesi sitt Stabat Mater, via eit heilt nytt verk av Harpreet Bansal, til dei klangsterke landskapa i Jorunn Marie Kvernberg si Vardøger.
Ei mektig og minneverdig avslutning på årets festival – ei konsertoppleving du vil bera med deg lenge.
Medverkande
- Song Circus - vokalgruppe
- Nynorsk Messingkvintett
- Hapreet Bansal - fiolin
- Erlend Viken - hardingfele
Inngang: kr. 395
Billettar kan kjøpast på TicketCo.