PROGRAMOVERSIKT

Hardanger Musikkfest: Dickie Dick Dickens

Hardanger Musikkfest: Dickie Dick Dickens

torsdag 28. august kl 20:29 - 21:30, Krossvoll Samfunnshus

Ein radioteaterkonsert full av action, humor og skurkeri.

Klar for eit gjensyn – eller ditt fyrste møte – med verdas mest sjarmerande forbrytar? Dickie Dick Dickens er tilbake! I denne elleville radioteaterkonserten går spenning, satire og sprø musikalske påfunn hand i hand.

Erkerivalen Jim Cooper har lagt ein djevelsk plan for å knusa Dickie ein gong for alle – men det går som det alltid gjer når geniale skurkar smell saman: Det blir dramatikk, uventa vendingar – og ein god dose kaos.

Ivar Nergaard styrer showet med si uforliknelege stemme og forteljarkunst, medan NyNorsk Messingkvintett tryllar fram lydeffektar du aldri trudde kunne komme frå messingblåsarar – frå geværsalvar og måseskrik til... oppkast.

Musikk og manus er skapt av Erlend Skomsvoll, med inspirasjon frå Paul Skoes legendariske NRK-versjon av Rolf og Alexandra Becker sine forteljingar, og med originalmusikk frå Maj og Gunnar Sønstevold.

Ein kveld med skranglande revolverar, løpske løgner og ustoppeleg messingmagi – for både nostalgikarar og nye Dickie-fans.

Inngang: kr. 375
Billettar kan kjøpast på TicketCo.