PROGRAMOVERSIKT

Hardanger Musikkfest: Frå Bach til i dag

Hardanger Musikkfest: Frå Bach til i dag

søndag 31. august kl 12:00 - 13:00, Hesthamar skrivargard

I den idylliske Skrivargarden på Hesthamar får musikken sveva fritt – frå barokkens elegante linjer og romantikkens djupe klangar, via improviserte landskap til pulserande rytmar frå vår eiga tid.

I den idylliske Skrivargarden på Hesthamar får musikken sveva fritt – frå barokkens elegante linjer og romantikkens djupe klangar, via improviserte landskap til pulserande rytmar frå vår eiga tid.

Fiolinist Ariane Jebsen Alvestad, cellist og komponist Svante Henryson og perkusjonist Andreas Bratlie møtest i eit fritt musikalsk rom, der grenser mellom stilartar og epokar viskast ut.

I dei intime og stemningsfulle omgjevnadene på Skrivargarden kjem musikken tett på – med nerve, varme og lidenskap.

Medverkande
- Ariane Jebsen Alvestad - fiolin
- Svante Henryson - cello
- Andreas Bratlie - perkusjon

Inngang: kr. 275
Billettar kan kjøpast på TicketCo.