Då komponisten Giovanni Grosskopf vitja Hardanger i 2019, vart han djupt rørt av naturen, dei eventyrlege segnene og den levande folkemusikktradisjonen.
Resultatet vart Frå funna på vidda – ei musikalsk oppdagingsferd i sju satsar, skrive for tre hardingfeler og klaver.
Startskotet til Frå funna på vidda kom under ein minikonsert på Hardanger folkemuseum, der Grosskopf for første gong høyrde det unge hardingfeletalentet Jonas Laupsa. Seinare blei han òg kjend med bestefaren hans, meisterspelaren Knut Hamre – ei rekkje møte som la grunnlaget for det musikalske verket.
No er det Erlend Viken, Hanna Kallestad, Ariane Jebsen Alvestad og Julius von Forstner som gjev liv til denne unike musikkreisa.
Medverkande