PROGRAMOVERSIKT

Hardanger Musikkfest: Griegvitjing

Hardanger Musikkfest: Griegvitjing

søndag 31. august kl 12:00 - 13:00, Ullensvang kyrkje

Ei musikalsk vandring mellom røter og nyskaping.

I denne konserten er Edvard Grieg sin Strykekvartett nr. 2 den raude tråden – eit verk som knyter fortid og notid saman og opnar for refleksjon over den norske musikktradisjonen. Gjennom kvartettens klangar inviterer me til eit møte med både det etablerte og det utforskande.

Martin Ødegaard sitt verk Roots – Sylva Sylvarum bygg vidare på arven, med inspirasjon frå naturen og det klassiske idiomet – forma til noko friskt og personleg. Anne-Marie Ørbeck si elegante Sonatina nr. 2 for piano og Grieg sitt poetiske Andante con moto rammar inn konserten og minner oss om dei sterke stemmene som har forma norsk musikkliv.

Medverkande
- Opus13 - strykekvartett:
- Sonoko Miriam Welde - fiolin
- Edvard Erdal - fiolin
- Albin Uusijärvi - bratsj
- Daniel Thorell - cello
- Torgeir Kinne Solsvik - klaver

Inngang: kr. 275
Billettar kan kjøpast på TicketCo.