Under kyrkjehvelvet i Ullensvang samlast tonar frå fleire himmelretningar: ei stemme ropar over vidda i ein kulokk etter Lillebuen – som ei opning mot natur og fortid. Så fell stilla inn i Morton Feldmans Only, eit nærast umerkeleg pust av klang og ettertanke.
Herman Vogts heilt nye strykekvartett har urpremiere akkurat her, akkurat no – ein ny skapnad som får luft under vengene i hendene til Opus13. Derifrå ber det austover: Otherwise av Harpreet Bansal let fiolinen dansa saman med tablaens pulserande hjarteslag.
Erlend Viken byr på eit musikalsk glimt som berre kan opplevast i augneblinken. Til slutt samlar Haydns keisarkvartett alle trådane i eit meisterverk som har levd gjennom århundre, og som alltid finn nye måtar å røre ved oss på.
Velkomen til starten på årets festival – der klangar frå ulike røter veks saman og slår ut i full blom.
MEDVERKANDE
Inngang: kr. 375
Billettar kan kjøpast på TicketCo.