Velkomen til opninga av årets festivalutstilling! Festivalkunstnaren Lisa Him-Jensen inviterer oss inn i sitt kunstnariske univers, der klangar og bølgjer forplantar seg i teikning, måleri, dikt og grafikk, og eit sniglehus kan verta eit lekamne frå himmelen.
Bli med på ei sanseleg oppdagingsferd der det visuelle smeltar saman med ord og tonar. Me får oppleva kunstarens eigen poesi i samspel med musikalske inntrykk frå fiolinist Hanna Kallestad.
Lisa Him-Jensen er biletkunstnar og poet, utdanna ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen og Skrivekunstakademiet i Hordaland. Kunstnarpraksisen hennar er sentrert rundt teikning, collage, tekst og måleri, samt ulike former for kunstnarbøker. Prosjekta hennar inneheld ofte ei sidestilling av tekst og bilete, og ein variasjon av uttrykk og teknikkar.
Opningstider Opedalstunet:
Måndag – fredag: kl. 10.00 – 19.00
Laurdag: kl. 10.00 – 18.00
Kafé:
Fredag: 14–19
Laurdag: 11–17
Utstillinga er tilgjengeleg i Opedalstunet sine opningstider. Kjøpte bilete kan hentast ved utstillingsslutt eller etter avtale.
Inngang: Gratis m/billett
Billett finn du på TicketCo.