PROGRAMOVERSIKT

Hardanger Musikkfest: Ytringsfridom i kunsten I - Knebla eller motivert?

Hardanger Musikkfest: Ytringsfridom i kunsten I - Knebla eller motivert?

fredag 29. august kl 16:00 - 17:00, Skrivargarden på Lofthus

Korleis vert kunsten påverka av sensur, undertrykking og politisk press?

Denne djupdykkande konserten set søkjelys på Dmitrij Sjostakovitsj, ein komponist som balanserte mellom kunstnarisk integritet og regimet sine strenge krav.
 

Four Monologues on Verses of Pushkin krinsar rundt svik, tap og minne. Desse songane var Sjostakovitsj sin første seriøse komposisjon etter dei brutale åtaka på han i 1936, og dei speglar ein kunstnar i indre kamp med makta – og seg sjølv.

Kva historiar gøymer seg bak notane? Korleis kan musikk formidla det som ikkje kan seiast høgt?

MEDVERKANDE

  • Julius von Forstner - bassbaryton
  • Torgeir Kinne Solsvik - klaver
Inngang: kr. 275
Billettar kan kjøpast på TicketCo.