PROGRAMOVERSIKT

Hardanger Musikkfest: Ytringsfridom i kunsten II - Likevel syng dei

Hardanger Musikkfest: Ytringsfridom i kunsten II - Likevel syng dei

lørdag 30. august kl 11:00 - 12:00, Skrivargarden på Lofthus

"Dette er verda. Vakrare enn me likar å vita, og meir skjør – skjørare enn me toler."

Mansur Rajih sin poesi har gjennom heile sitt vaksne liv vore ei røyst for fridom, forsoning og rettferd – ei røyst som ikkje lét seg knebla, sjølv etter 15 år i fengsel. Dikta hans vart smugla ut og lasne over heile den arabiske verda. I dag, som fribyforfattar i Stavanger, held han fram med å skriva med ei sjeldan poetisk inderlegheit.

I Likevel syng dei møter Rajih sine ord eit rikt musikalsk univers, der rytmar og ornamentikk frå det osmanske riket vert fletta saman med harmoniske strukturar frå den folkemusikalske haugianartradisjonen i Vestfold.

Konserten er ei hyllest til kunsten, poesien – og den ukuelege krafta i det frie ordet.

Musikk av Liv Runesdatter.
 

Medverkande

  • Liv Runesdatter - song
  • Harpreet Bansal - fiolin
  • Svante Henryson - cello
  • Andreas Bratlie - perkusjon
Inngang: kr. 275
Billettar kan kjøpast på TicketCo.