Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset lærar du å sy bringklut med perler på raudt klede. Desse finst i mange variantar. Mest vanleg er dei med stor åttebladrose, men ein kan og sy hjartebringklut, holmabringklut, bringklut med perlenett, eller perler på stramei. Ein vel sjølv kva slags bringklut ein vil sy. Målet med kurset er at ein i løpet av dei tre dagane kurset varar, kjem så langt med bringkluten at ein klarar å gjera den ferdig når ein kjem heim.
Skildring av bringklutar ein kan læra å sy:
Holmabringkluten har namnet sitt etter systrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik tidleg på 1800-talet. De sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser.
Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.
Andre bringklutar med perler sydd på raudt ullstoff har ofte ein stor åttebladrose i midten, og to halve åttebladroser på kvar side.
Perlenett kan ein tre med ei eller to nåler. Nettet vert sidan montert på raudt ullklede.
Perler på stramei er nok den som er lettast å læra, der ein syr på ei og ei perle med halve krossting.
Påmelding: post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884 innan 20. februar 2025.