PROGRAMOVERSIKT

Helgekurs: kniplingar med gulltråd

Helgekurs: kniplingar med gulltråd

fredag 2. oktober - søndag 4. oktober , Hardanger Folkemuseum

Lær å laga dei vakraste kniplingar med gulltråd.

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset får du læra å laga kniplingar av gulltråd.

Kniplingar i gull og sylv er mykje nytta på gamle bringklutar i Hardanger, og lagar ein fin overgang mellom hovudmotivet på bringkluten og bandkanten øvst. Dei kan og nyttast på barnehuver og andre små delar til bunaden. Nokre stader, td. Os og Fusa nyttar ein gull- og sylvkniplingar på bunadslivet. På Voss kan gifte kvinner ha sylvknipling nede på stakken.

Kniplingar er ikkje så vanskelege å få til, særleg ikkje under kyndig rettleiing frå kurslærar Åse Bratland. Ho har med seg alt utstyr og materiell som ein treng. Kurset passar både for nybegynnarar og for dei som har knipla før.

Tidspunkt og påmelding

Kurset går fredag 2. – sundag 4. oktober på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17 kvar dag.
Påmelding innan 15. september 2026 til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884 Du kan og melda deg på og betala via Checkin https://event.checkin.no/219250
Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.

Pris: kr. 4700 / kr. 5200 (medl. Folgefonn Husflidslag og Noregs Husflidslag / ikkje medl.)