lørdag 29. mars - søndag 6. april , Hardanger Folkemuseum
Sy skjorte og forkle til bunaden.
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset lærer du å montera skjorte og forkle. For å få utbytte av kurset må du ha med deg ferdig skjortesaum og/eller forklebord. Dette er ikkje eit kurs der me syr broderiet til skjorte og forkle, men der me syr sjølve skjorta og/eller forkle. Du kan sy herreskjorte, dameskjorte og/eller forkle, alt etter kva du har lyst til og rekk. Kurset går over to helger, slik at du kan sy ein del heime i veka mellom dei to kurshelgene. Viss du berre har høve å vera med den eine helga, passar det bra å berre montera forkle. Ta med eigen symaskin.
Museet og husflidslaget sett opp eitt monteringskurs i 2025, med Marit Bleie Mannsåker og Agnete Sivertsen som kurslærarar.
Kurset går over to helgar, laurdag 29. og sundag 30. mars, og laurdag 5. og sundag 6. april på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00 kvar dag.
Påmelding til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884 innan 10. mars 2025
Pris: kr. 5400 / kr. 5900 (Medl. Folgefonn/Norges husflidslag / Ikkje medl.)