

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset lærar du å strikka sjonaleistar i tvebandstrikk. Sjonaleistar er ankelsokkar som høyrer til draktskikken i Hardanger og på Voss. Dei vart nytta både av kvinner, menn og born. Kring ankelen har dei ein fleirfarga mønsterbord strikka i tvebandstrikk, medan resten av sokken er kvit. På kurset går me mellom anna gjennom korleis ein legg opp i tvebandstrikk, korleis ein strikkar tvebandstrikk i ein og fleire fargar, samt tre ulike typar hælfellingar som alle er nytta på tradisjonelle sjonaleistar. Ein får og med seg mange gode triks på vegen.
Mønsterborden på sjonaleisten er strikka på pinne nr 1,25, og resten av sokken er strikka på pinne nr 2. Viss dette vert for smått, men ein likevel vil læra seg teknikken, har me eit alternativ med sjonavotten. Denne votten er inspirert av sjonaleistane og har same mønsterbord i tvebandstrikk, men vert strikka på pinne 2,5.
Museet sel strikkepakkar med oppskrift, pinnar og garn, og alt ein elles treng for å strikka sjonaleistar.
Påmelding innan 15. september til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884 eller via checkin samt betale.
Pris:
Folgefonn husflidslag/Noregs husflidslag: kr. 3400
Ikkje medlem: kr. 3900