PROGRAMOVERSIKT

Hobbymarknad

Hobbymarknad

lørdag 11. april kl 11:00 - 15:00, Utne Grannahus

Folgefonn husflidslag inviterer til hobby-loppemarknad 11. april.

Mange hobbyglade kjøper mykje «kjekt-å-ha-ting». Kanskje blir ikkje alt nytta som tenkt? Kanskje blir det igjen eit nøste garn eller noko stoffrestar etter endt prosjekt? Hobbybøker som berre blir ståande i hylla? Eller anna hobbymateriell som ikkje har vorte nytta. Det kan vere at andre treng akkurat det du har til overs.

No har du sjansen til å selje unna hobbymateriell til andre som kan gjere seg nytte av det. Det kostar kr 100,- for eit bord (70x120cm) Du kan maks få to bord, bord nr to kostar 50,- i tillegg. Du kan selje det du vil av ulikt hobbymateriell så lenge det ikkje er ferdige produkt. Du set sjølv pris på varene og må sjølv vere tilstades og selje. Varer som ikkje blir solgt tek du med deg heim igjen.
Husflidslaget stiller med kafèkrok der besøkande kan kjøpe kaffe og kake.

Påmelding til Åslaug tlf 95247296
Frist for påmelding 27.mars