PROGRAMOVERSIKT

Humorgalla

Humorgalla

fredag 22. januar kl 18:00 - 20:00, Langhuset Restaurant

Langhuset inviterer til Humorgalla 22. januar.

Bli med når Dag Sørås, Hans Morten + m.fl sørgjer for timar med latter denne Fredagens kvelden!

Legenda HANS MORTEN HANSEN tok farvel med solokarrieren sin med to utselde show av "takk for dansen" i DNB Arena.

Denne Januaren kvelden er me så heldig å få han med på humorgallaen vår!

Hans Morten treng så vidt nokon introduksjon, han har ikkje berre gjort seg merka på humorscena dei siste 35 åra, han har også delteke i fleire TV og Film produksjonar som f.eks Side om Side og Kraken.

I tillegg vil han gjennom hausten 2026 vera å sjå i "spelet" - Kanskje det er vinnaren av neste sesong me kjem til å få sjå på scena i Januar 2027?

Han har fått to komiprisar og har også verdsrekorden for lengste standup show!

Som skrive, ei legende i humor norge som ein NÅ får høve til å oppleva live i Stavkirko!

DAG SØRÅS debuterte som komikar i 2002 og har sidan drive med standup på heiltid. I 2010 opptredde han som første nordmann med eit show på Edinburgh Fringe Festival og har mellom anna varma opp for Doug Stanhope. Han har sett opp fleire soloshow, mellom anna Ekkokammer (2016), Emokrati (2018), Vrangforestilling (2020), Apokalykke (2023), og Skadefryd (2025). I tillegg er han aktuell med podkasten Mørk medisin. I 2019 medverka han i NRK-programmet Latterlig smart, der han reiste til Kazakhstan for å læra om Svartedauden. Hardtslåande, utfordrande og kunnskapsrik. Og om du legg til fantastisk morosam, så har du Dag Sørås.

PÅL RØNELV, veteran og blant dei mest rutinerte komikarane frå standupmiljøet i Bergen.

Med folkeleg galskap og bøttevis med sjølvironi er det ei glede å sjå denne mannen på scena. Han klarer å få det kjedelegaste i kvardagen til å bli hysterisk morosamt.

STEINI er Haugesunderen som er busett på Jæren, men fødd på austlandet - stortrivst på scena og bruker tida med ein mikrofon i handa til å gjera mest narr av seg sjølv og dessutan ta ein prat med publikum.

Debuterte på latter tidlegare i år og vart derav den første haugesundaren i historia på scena av alle scener i landet.

KRISTIN HORNI står ustøtt ca midt i midtlivskrisa, med konstant heime-åleine-fest i hjernen, og deler raust frå den mangfaldige livserfaringa si med eit delikat hint av diagnosar. Hadde Kristin vore eit hus for sal, hadde det stått at «det har potensiale»

Relativt vaksen på papiret, men det blir merka ingen eim av møllkuler rett endå. Kristin har stått fleire gonger på Latter, og står på store og små scener over heile landet med fleire av Noregs største komikarar. I tillegg har ho fleire eigne show i beltet. Ho jobbar med radio og podkast i tillegg til standup, og ho er til tider ustoppeleg.

Ho gjer framleis barna sine flaue, og det er ho i grunn stolt av.

Inngang: kr. 495
Billettar kan kjøpsast på TicketCo.